Pugging del 1 av …

Når me skal til Japan er det mykje som vert annleis. Det mest åpenberre er kanskje språket. Me er så heldige å få to års språkopplæring før me skal inn i andre jobbar, men me reknar med å få ein litt mjukare start dersom byrjer å pugge litt allereie no. Japan har så mykje som tre skriftspråk. For oss nordmenn er det kanskje kanjiteikna som er mest «kjende». I tilleg har ein hiragana og katakana som kvar har litt over hundre teikn kvar, nokre unike og nokre samansette. Dei viser lydar som a, ba, mo og så bortetter

For å hjelpe oss har me installert det appen Anki på mobilane våre. Under puggar eg frå katakana til hiragana. Som de ser er det visse likskapar på nokre av teikna.

Anki 1Anki1

(Ikkje sjå så nøye på tidspunktet, måtte jukse litt for å få det til. Kan også seie at det ikkje er så lett å vere presis på ein mobilskjerm…)

No er me straks ferdige med innpugginga av hiragana og katakana, då skal me byrje å lese litt i språkbøkene og ta for oss nokre av dei tusenvis av teikna me må lære i løpet av dei neste åra.

Eg må nok innrømme at det er litt overveldande å ta fatt på eit heilt nytt språk. Særleg eit som inneber så mykje pugging. Samstundes gler i alle fall eg meg til å sjå korleis dette med teikn fungerer i praksis og korleis det styrer ikkje berre korleis ein les, men ogs¨korleis det heng saman med tale, og kanskje også korleis ein tenkjer på. Spanande greier!

(For spesielt interesserte kan eg seie at appen Anki er tilgjengeleg til iOS og PC/Mac i tillegg til Androidappane som me hovudsakleg har nytta. Den kan brukast til å pugge alt mogleg. Me pugga først Hiragana før me gjekk på «decken» du ser i bruk over.)

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s