Å gjere ting for siste gong

Aurora RoadGjennom dei siste månadane har det stadig kome påminningar om at det nærmar seg slutten for oss her i Sortland. Seint på vinteren hadde kveldane byrja å verte ljosare. Ein kveld medan det enno var nokre skikkeleg mørke timar var det eit kraftig nordlys. Eg hugsar eg stod og kikka opp mot himmelen og nøyt synet då eg plutseleg kom på at det kanskje var siste notta med nordlys før me flytta. Plutseleg vart det noko vemodig over det nydelege ljoset som dansa over himmelen.

Sidan då har desse tankane stadig kome tilbake. I dag har vor ein ny slik god, vemodig dag. I formiddag besøkte Sonja, Mathias og eg nokre av dei eldre i kyrkjelyden for siste gong. Eg såg inn i ansikta deira med glede over å verte kjend med menneske som har lært meg mykje om kristenliv og trufastheit, men samstundes kunne eg ikkje anna enn verte trist. Det var eit siste besøk.

Kvelden stod i eit litt anna forteikn. Me hadde ungdomssamling på Bowlingen i Sortland. Også dette var med ei blanding av glede og vemod. Glede over dei flotte ungdommane eg har vorte kjend med, og over å ha delt litt av kven Jesus er med dei. Vemod fordi det var for siste gong.

Det er mange slike opplevingar og dagar. Og veldig ofte kjenner eg på den same blandinga av glede og vemod. Sjølv om me gler oss til å reise ut er det trist å skulle forlate Sortland og Vesterålen, og ikkje minst alle menneska me har vorte glade i. Det er i alle fall godt å ha ein stad å kome tilbake til i Norgesferiane:-)

 

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s