Meir enn ord – aizuchi 相槌

Sjå for deg at du snakkar med nokon som berre stirrar tomt på deg medan du snakkar. Dei stirrer og stirrer utan å kome med ein lyd, medan du snakkar. Eller du kan sjå for deg at du snakkar med nokon som nikkar og seier ja, ja, hm, ja, forstår, ja kontinuerleg medan du snakkar. Kven av desse overdrivingane er nordmann, og kven er japanar?

Dei fleste har vell fått med seg at ein i japan bukker i staden for å seie hei. Men bukking er berre ein liten, men viktig del av kommunikasjonen på japansk.

Når me først er innom bukking tåler du sikkert ein digresjon. Du treng ikkje vere ekspert på japansk kultur for å skjøne kven av desse to som har gjort noko dumt…

 

Tilbake til poenget. Når me snakkar med folk, kommuniserer også den som ikkje snakkar kontinuerleg. Ein kommuniserer at ein fylgjer med, at ein er einig, ueinig, overraska, glad eller trist på den andre personens vegne o.s.b. Dette gjer ein i Noreg like gjerne med nikking og blikk som med munnen. Dette er heldigvis til ein stor grad umedvite. Berre prøv å tenkje over det neste gong du snakkar med nokon. Det er ganske stor sjanse for at det vil vere ganske forstyrrande. (beklager)

Problemet for oss er berre at dette gjerast svært forskjellig på norsk og japansk. Og det er her dei to døma i byrjinga kjem inn. For medan nordmenn i japanarars aug stirrer intenst på den som snakkar, kan nok ein del vestlege i byrjinga oppleve kommunikasjon med japanarar litt intenst. På japansk gjev ein nærast kontinuerlege tilbekemeldingar. Ein nikkar og seier hai, hai (ja, ja) og kjem med andre stilbakemeldingar. Før ferien hadde me om denne formen for kommunikasjon på skulen. Då fortalte ein av lærarane korleis ho opplevde ein del vestlege elevar. «Når eg snakkar sitt dei berre og stirrer og stirrer på meg. Det gjer meg usikker. Følgjer dei med eller ikkje? Forstår dei? Har eg sagt noko feil?»

Poenget er sjølvsagd at det er svært viktig å meistre også denne formen for kommunikasjon. For slik ein japanar kan framstå som overivrig og kanskje litt avbrytande når ein snakkar andre språk kan me lett framstå uinteresserte eller som om me kjeder oss på japansk.

Her har du eit eksempel frå frukost-tv. Ein lang film, men du treng nok ikkje sjå heile for å ta poenget.

 

Dersom du ynskjer meir info kan du lese meir på wikipedia.

Advertisements

2 thoughts on “Meir enn ord – aizuchi 相槌

  1. Det er spanande å lære språk. Særleg fordi ein lærer så mykje meir enn språk. Ein tillegg seg jo også ein annan måte å tenkje på. Eg trur eg forandrar meg når eg snakkar engelsk, og også etter kvart japansk. Dette er nok enno sterkare hjå dei som har vokst opp som tospråklege. Ei undersøking fann at born som hadde vokse opp med engelsk og japansk hadde meir positivt syn på seg sjølv og framtida når dei vart spurd på engelsk enn dei hadde på japansk. Skilnadane var markante. Prøvde å finne lenka no, men klarte det ikkje.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s