Sett pris på det gode, søk å lære. 17. mai-tale langt frå gamlelandet.

Korleis er det å feire 17. mai i utlandet? Ganske fint eigentleg, det viktigaste er jo alltid kven ein feirar noko saman med. Samstundes lærer ein ganske mykje om seg sjølv og eigen kultur når ein bur i utlandet. Dette søkte eg å gripe fatt i då eg holdt mi 17. mai-tale.

Kjære alle saman. Gratulerer med dagen!

Sonen min Mathias veit enno ikkje så mykje om kva 17. mai er. Så i går viste me han nokre filmar med barnetog, kongefamilien på balkongen, og alt som høyrer med. Og eg som vert ganske lett rørt fekk ein liten klump i halsen. Eg har hatt nokre av mine beste 17. maifeiringar i Oslo og eg skulle gjerne ha kunne vist han festen og gleda der i dag. Eller kor som helst elles i Noreg for den saks skuld. Det er vell kanskje fleire enn meg som gjerne skulle kunne feire med flaggborger og breie smil, pølser og is og gater fylte av festkledde menneske. Det er lov å sakne Noreg litt i dag, og ikkje minst kjenne litt ekstra på kjærleik til land og folk.

Men, eg er særs glad for at eg kan vere her i dag og feire i lag med dykk. Me her er i ein ganske så heldig posisjon, også på nasjonaldagen. Eg vil tru dei fleste her har i alle fall to ting til felles. Me bur i og er glade i Japan, og me er glade i Noreg. For min eigen del kjem eg til å vere litt rastlaus uansett kor eg bur. Det er alltids noko å sakne. Det er uansett svært godt å kunne kome saman med dykk alle for å feire Noreg, grunnlov og fridom, og over 200 år med demokratisk utvikling. 17. Mai er ein dag for fest og moro, men dei store feiringane i året gjev også ekstra rom for ettertanke. Me har sjansen til å tenkje bakover, og framover. Kva har prega oss, og kva ynskjer me at skal prege oss vidare. Kva har me fått, og korleis ynskjer me å sjølv vere med å forme det me gjev vidare.

Ein spegel lar oss sjå korleis me ser ut

Me som er samla til feiring her i dag er i så måte heldige. For kanskje kan me sjå på Noreg og oss sjølve med eit enno klårare blikk enn ei tilsvarande forsamling ein eller annan stad i Noreg. For det er jo slik at me menneske har vanskeleg for å sjå oss sjølve klårt. Menneska rundt meg veit betre enn meg korleis eg ser ut og korleis eg opplevast. Sjølv treng eg noko utanfor meg for å sjå meg sjølv klårt, eg treng ein spegel eller eit kamera. Slik trur eg også det er med kultur. Ein ser det klårt fyrst når ein ser det litt utanfrå. Difor er me priviligerte. For sjølv om kulturen me er vokst opp i alltid vil vere ein del av oss har me mogleik til å sjå denne kulturen klårare. Ved hjelp av den japanske kulturen trer positive og negative ting med norsk kultur tydelegare fram.

Kulturimperialisten og Erasmus Montanus

Men det å flytte til utlandet treng ikkje gjere ein så mykje klokare. Ein kan verte så fengsla av det nye ein lever i at ein gløymer kor ein kjem frå. Eg har truffe nokre slike. Som alltid omtalar Noreg med forakt i stemma. Som kritiserer både brun saus og andre sider ved den såkalla provinsielle, ukultiverte norske kulturen. Ein har forlatt Noreg med både kroppen og hovudet, men som Erasmus Montanus som hadde reist ut av bygda og ut i verda, gjer dette berre at ein hever seg over sine sambygdingar, sine landsmenn.

Så har ein andre som knapt kan snakke om landet ein er i utan å kome med noko negativt. Alt vert målt etter norsk målestokk, og Japan, eller kor ein no er, kjem til kort på alle punkt. Kritikken av brun saus og norske verdiar er bytta ut med Soyasaus og kanskje det som opplevast som stivheit og maskebruk.

Desse to haldningane har kanskje meir til felles enn det virker som. Opplevingane av ein annan kultur har ikkje gjort ein noko visare, snarare oppblåst og blærete. Sjølv om forakten går i forskjellig retningar.

Kanskje kan det vere fristande for fleire enn meg å ty til denne nedlatande formen for kulturkritik både i retning Japan og Noreg slik det passar. Alltid kritsk, aldri fornøgd. Vert det ikkje betre, både for oss og menneska rundt oss om me alltid ser etter det gode. Om me lærer å sette pris på det beste der me er. Samstundes som me ser på det gode ein har med seg frå ein annan kultur som ein ressurs.

Å vise hensyn

Eit eksempel kan vere det å ta hensyn til andre. Dette er ein heilt sentral verdi for meg. Både at ein som enkeltperson og samfunn tek hensyn til dei svakaste, og at ein tek hensyn til menneska ein til ei kvar tid har rundt seg. Eg har berre vore her i Japan ei avgrensa tid, men etter at eg kom hit har eg sett enno tydelegare kor sentralt hensynet til dei svakaste er i norsk kultur. Dette vil ikkje seie at det alltid skjer eller at folk faktisk tek omsyn når det kostar Eg synast likevel dette er noko god del av vår bakgrunn som me i dag kan feire og gle oss over. Når det kjem til hensynet til folk ein har rundt seg ser det annleis ut. Eg skal til Noreg i sommar og eg kjenner eg gruer meg litt til å reise kollektivt, ikkje berre fordi eg har vorte godt vand med transport som går på tida, men også fordi eg har vorte vand med å ikkje verte plaga. Det er eigentleg ganske fantastisk å vere i t.d. ei togvogn her i Japan med 50-100 andre menneske, så er det ingen av desse snakkar med høg stemme i mobilen eller høyrer på forstyrrande musikk. Alle er opptatt av å ikkje forstyrre menneska rundt seg. Og at alt skal vere så smidig og godt som råd. Også dette er noko me kan feire og gle oss over, og eg håpar, på eit eller anna vis ta med oss til Noreg.

La oss bruke denne dagen til å feire! Til å feire Noreg, og alt det gode landet har gjeve oss. Samstundes er me i ein situasjon der me har noko å samanlikne det norske med. La oss også nytte denne spegelen godt,  til å la både det gode i det me har og det gode me kan lære tre ekstra tydeleg fram!

Igjen vil eg seie: Gratulerer med dagen, alle saman!

2 thoughts on “Sett pris på det gode, søk å lære. 17. mai-tale langt frå gamlelandet.

  1. Jonny seier:

    Takk for gode og oppmuntrende ord – som egner seg godt til ettertanke, enten en bor i eller utenfor fedrelandet! Det er nok ikke mange av oss som har en «medfødt» evne til å framheve det positive, og la det negative og kritikkverdige komme litt i skyggen. Uansett er det stor forskjell på «sur» og «konstruktiv» kritikk! Velkommen hjem til fedrelandet nå snart, alle tre!

Legg att svar til Johan Leirvik Avbryt svar