Yonagoliv

Når eg som Treunge skal skildre draumeplassen å bu er det nokre ting som er viktigare enn andre. At det er landleg, at ein kan stå og gå på ski om vinteren, at det er strand i nærleiken, og då helst innan gangavstand. At det er fjell ein kan gå på innan synsvidde. Og eg kan halde fram, men det meste handlar om natur. Så er det ganske underleg at dette er rimeleg godt tilfredsstilt i ein by langs Japanhavskysten med 150 000 innbyggjarar. Ja det som framleis er igjen av bygdeguten som synast Skien var store greier undrar seg.

20160604_140434

Langs Yonegawa

Men når me høyrer froskekvekkinga frå rismarkene gjennom opne glas på kvelden no på sommaren. Når lukta av bråtebrenning vert sterk på hausten. Når me syklar  mellom rismarkene på veg heim frå kyrkja på kvelden. Ja, då kjennast dette veldig rett ut. I tillegg er strendane ein kilometer unna, sjølv om me oftast køyrer litt lenger, men hei, det kan ein jo gjere i Treungen og. Fjella er nok litt lengre unna enn i bygda ved Nisser, men ein liten køyretur og ein står klar der turstien startar.  Det er altså ein god stad me har kome til.

Med det sagt, det er eit ganske tøft år som ligg bak oss. Kobe var på mange måtar trygt og godt, og det var lett å få hjelp frå dei andre norske om det var noko smått eller stort. I Yonago er me mykje meir åleine. I tillegg er det jo alltid ein del stress å flytte, ein må på mange måtar finne ut av korleis ein skal løyse mange av dei kvardagslege småutfordringane på nytt. Etter to år hadde me jo vendt oss til livet i Kobe. I tillegg skal denne tilvenninga gjerast i ein kultur der ein del enno er framandt, og på eit språk der ein alt for ofte føler ein kjem til kort.

Det har også vore mykje å gjere noko som har ført til ein del stress. Kobe er jo også betre tilpassa utlendingar, til og med brunost er å få tak i. Poenget er sjølvsagd ikkje at me har det så tøft som ikkje får tak i brunost, me et ikkje så mykje av det uansett, men store endringar fører naturleg nok med seg ein del stress.

Også misjonærane får vore med på leiken

Ei kyrkje der born (og misjonærar) trivast

Dette vil ikkje seie at me ikkje trivast i jobben. Kyrkjelyden me arbeider i er verkeleg flott! Det er mykje som skjer, det er liv og røre, og mange flotte folk. Guds ord vert forkynt og av og til hender det at born og vaksne kjem til tru. Me, med våre norske særheitar, har også vorte møtt på ein open og raus måte av pastorpar og kyrkjelyd.

Den siste månaden har på mange måtar vore ei god tid. Me har arbeida ein del med det som kjennast utfordrande og har prøvd å møte kvardagsstresset på ein betre måte, og samstundes vere meir medvitne på når me arbeider og når me har fri. Dette har på mange måtar bore frukt. Me kan slappe av og nyte dagane og alt det gode Yonago har å by på. Både strand og fjell er jo gåver frå Gud så det er jo trist om ein ikkje får nytta det, ikkje sant?

Likevel, me sett pris på kvar og ein som ynskjer å be for oss. Det er stort å kunne gå med Kongens gode bod til menneske som er elska av ein dei ikkje kjenner. Likevel er det ein utfordrande veg me  valde  for om lag tre år sidan. På mange måtar kan det å verte misjonær likne litt på det å gifte seg. Ein tek eit val utan å ane så mykje av konsekvensane anna enn at ein ser at dette, det vil me. Så får ein stole på at han som gav oss kjærleiken og som kalte oss til Yonago held si hand over både gode og vonde dagar.

I dag er me her saman, og det er me glade for.

Etter litt over eit år i Kobe skreiv me litt om det å vere heime.

13116330_10156941836960422_3586234730747438203_o

Utsikt frå borgruinane i Yonago Foto: Marius Bergersen (vert kollega her i Japan i August!)

 

 

Advertisements

Sett pris på det gode, søk å lære. 17. mai-tale langt frå gamlelandet.

Korleis er det å feire 17. mai i utlandet? Ganske fint eigentleg, det viktigaste er jo alltid kven ein feirar noko saman med. Samstundes lærer ein ganske mykje om seg sjølv og eigen kultur når ein bur i utlandet. Dette søkte eg å gripe fatt i då eg holdt mi 17. mai-tale.

Kjære alle saman. Gratulerer med dagen!

Sonen min Mathias veit enno ikkje så mykje om kva 17. mai er. Så i går viste me han nokre filmar med barnetog, kongefamilien på balkongen, og alt som høyrer med. Og eg som vert ganske lett rørt fekk ein liten klump i halsen. Eg har hatt nokre av mine beste 17. maifeiringar i Oslo og eg skulle gjerne ha kunne vist han festen og gleda der i dag. Eller kor som helst elles i Noreg for den saks skuld. Det er vell kanskje fleire enn meg som gjerne skulle kunne feire med flaggborger og breie smil, pølser og is og gater fylte av festkledde menneske. Det er lov å sakne Noreg litt i dag, og ikkje minst kjenne litt ekstra på kjærleik til land og folk.

Men, eg er særs glad for at eg kan vere her i dag og feire i lag med dykk. Me her er i ein ganske så heldig posisjon, også på nasjonaldagen. Eg vil tru dei fleste her har i alle fall to ting til felles. Me bur i og er glade i Japan, og me er glade i Noreg. For min eigen del kjem eg til å vere litt rastlaus uansett kor eg bur. Det er alltids noko å sakne. Det er uansett svært godt å kunne kome saman med dykk alle for å feire Noreg, grunnlov og fridom, og over 200 år med demokratisk utvikling. 17. Mai er ein dag for fest og moro, men dei store feiringane i året gjev også ekstra rom for ettertanke. Me har sjansen til å tenkje bakover, og framover. Kva har prega oss, og kva ynskjer me at skal prege oss vidare. Kva har me fått, og korleis ynskjer me å sjølv vere med å forme det me gjev vidare.

Ein spegel lar oss sjå korleis me ser ut

Me som er samla til feiring her i dag er i så måte heldige. For kanskje kan me sjå på Noreg og oss sjølve med eit enno klårare blikk enn ei tilsvarande forsamling ein eller annan stad i Noreg. For det er jo slik at me menneske har vanskeleg for å sjå oss sjølve klårt. Menneska rundt meg veit betre enn meg korleis eg ser ut og korleis eg opplevast. Sjølv treng eg noko utanfor meg for å sjå meg sjølv klårt, eg treng ein spegel eller eit kamera. Slik trur eg også det er med kultur. Ein ser det klårt fyrst når ein ser det litt utanfrå. Difor er me priviligerte. For sjølv om kulturen me er vokst opp i alltid vil vere ein del av oss har me mogleik til å sjå denne kulturen klårare. Ved hjelp av den japanske kulturen trer positive og negative ting med norsk kultur tydelegare fram.

Kulturimperialisten og Erasmus Montanus

Men det å flytte til utlandet treng ikkje gjere ein så mykje klokare. Ein kan verte så fengsla av det nye ein lever i at ein gløymer kor ein kjem frå. Eg har truffe nokre slike. Som alltid omtalar Noreg med forakt i stemma. Som kritiserer både brun saus og andre sider ved den såkalla provinsielle, ukultiverte norske kulturen. Ein har forlatt Noreg med både kroppen og hovudet, men som Erasmus Montanus som hadde reist ut av bygda og ut i verda, gjer dette berre at ein hever seg over sine sambygdingar, sine landsmenn.

Så har ein andre som knapt kan snakke om landet ein er i utan å kome med noko negativt. Alt vert målt etter norsk målestokk, og Japan, eller kor ein no er, kjem til kort på alle punkt. Kritikken av brun saus og norske verdiar er bytta ut med Soyasaus og kanskje det som opplevast som stivheit og maskebruk.

Desse to haldningane har kanskje meir til felles enn det virker som. Opplevingane av ein annan kultur har ikkje gjort ein noko visare, snarare oppblåst og blærete. Sjølv om forakten går i forskjellig retningar.

Kanskje kan det vere fristande for fleire enn meg å ty til denne nedlatande formen for kulturkritik både i retning Japan og Noreg slik det passar. Alltid kritsk, aldri fornøgd. Vert det ikkje betre, både for oss og menneska rundt oss om me alltid ser etter det gode. Om me lærer å sette pris på det beste der me er. Samstundes som me ser på det gode ein har med seg frå ein annan kultur som ein ressurs.

Å vise hensyn

Eit eksempel kan vere det å ta hensyn til andre. Dette er ein heilt sentral verdi for meg. Både at ein som enkeltperson og samfunn tek hensyn til dei svakaste, og at ein tek hensyn til menneska ein til ei kvar tid har rundt seg. Eg har berre vore her i Japan ei avgrensa tid, men etter at eg kom hit har eg sett enno tydelegare kor sentralt hensynet til dei svakaste er i norsk kultur. Dette vil ikkje seie at det alltid skjer eller at folk faktisk tek omsyn når det kostar Eg synast likevel dette er noko god del av vår bakgrunn som me i dag kan feire og gle oss over. Når det kjem til hensynet til folk ein har rundt seg ser det annleis ut. Eg skal til Noreg i sommar og eg kjenner eg gruer meg litt til å reise kollektivt, ikkje berre fordi eg har vorte godt vand med transport som går på tida, men også fordi eg har vorte vand med å ikkje verte plaga. Det er eigentleg ganske fantastisk å vere i t.d. ei togvogn her i Japan med 50-100 andre menneske, så er det ingen av desse snakkar med høg stemme i mobilen eller høyrer på forstyrrande musikk. Alle er opptatt av å ikkje forstyrre menneska rundt seg. Og at alt skal vere så smidig og godt som råd. Også dette er noko me kan feire og gle oss over, og eg håpar, på eit eller anna vis ta med oss til Noreg.

La oss bruke denne dagen til å feire! Til å feire Noreg, og alt det gode landet har gjeve oss. Samstundes er me i ein situasjon der me har noko å samanlikne det norske med. La oss også nytte denne spegelen godt,  til å la både det gode i det me har og det gode me kan lære tre ekstra tydeleg fram!

Igjen vil eg seie: Gratulerer med dagen, alle saman!

Heime

Eg har i lengre tid tenkt å skrive ein post om det å vere framand. Om alle situasjonane og stundene der ein kjenner seg annleis og åleine. Om å misforstå og om å vere misforstått. Og denne posten kjem, rett og slett fordi me har gjort oss så mange erfaringar me tenkjer det er verdt å dele sidan me kom hit til Japan og fordi det stadig er stunder der ein kjenner på dette. Men i dag er det altså om det å vere heime eg ynskjer å skrive om.

Det er ikkje så lenge sidan eg sykla gjennom Kobe og tenkte: «Eg likar verkeleg denne byen.» Klemt som den er mellom fjell og hav. Og med dei frodige åssidene i nord og alle gatene der det veks tre langs, er det ikkje rart at Kobe kallast den grønne byen.

MAIRIE D'OSLO

Heime (Bilete frå Flickr – Cedric Meurens)

Det er rart kor raskt noko kan kjennast som heime. Eg hadde aldri trudd at Oslo kom til å verte ein stad eg kom til å sakne før eg flytta dit. No tenkjer eg stadig på Nordmarka, misjonssalen og mykje anna. Tanken på å ei gong flytte tilbake er heller ikkje heilt framand.

Heime (Bilete frå Flickr - Rob Fairhead)

Heime (Bilete frå Flickr – Rob Fairhead)

Slik er det også med Sortland. Når me flytta dit var det mest med tanke på å kunne gjere ei teneste i ein kyrkjelyd nokre år og å få erfaring før me flytta kloden rundt. Men også Sortland var ein magisk stad, som raskt vart heime. Den blå byen (som ikkje er såå blå) har fått ein stor plass i hjarta våre. Me saknar fjella, sundet og mest av alt alle dei flotte folka me vart kjende med. Heller ikkje Sortland er ein stad det er heilt framandt å flytte tilbake til.

Heime i Kobe

Heime i Kobe (Bilete frå Flickr – Sookie)

Men eg vil ikkje flytte. Eg vil bu her i Japan og i Kobe. For no er det her eg er heime. Eg såg ein musikkvideo om å vere der ein ynskjer å vere i dag. Eg visste ikkje heilt kva eg skulle forvente. Men det tok ikkje så lang tid før eg vart positivt overraska. Det er jo «heime» jo…

Det er ikkje filma her i Kobe, men uansett ein stad med kjente lukter og smakar. Ein stad eg kan orientere meg (ganske) raskt og ikkje verte overraska når eg får ei heil korg med eple i staden for eit eple når eg handlar på markedet. Det er så rart å tenkje på at det som for litt over eit år sidan ville vore kjempespanande i dag er kjent og kjært. Me er korkje språkekspertar eller kulturekspertar enno, men Kobe har altså vorte heime. Eg synast også det var ganske fint korleis songen skildrar at det er viktigare kven ein er saman med enn kor ein er. Og så er det jo litt artig at musikkvideoen gjer dette på ein stad som er framand for bendmedlemmane, men som vekker kjensla mi av å vere heime og i eit kjend miljø.

Så passer også teksten bra på den galne jenta som vart gift med ein gut med misjonærkall til Japan. Verkeleg ei flott jente å ha ein heim med.

«If you gave me a chance I would take it
It’s a shot in the dark but I’ll make it
Know with all of your heart, you can’t shake me
When I am with you, there’s no place I’d rather be»

Me skal truleg ikkje bu her i byen meir enn til språkskulen er ferdig. Kor me skal flytte etterpå veit me ikkje enno, men eg håpar me også då skal flytte heim, til ein stad me seinare i livet ikkje er framande frå å flytte tilbake til.

Meir enn ord – aizuchi 相槌

Sjå for deg at du snakkar med nokon som berre stirrar tomt på deg medan du snakkar. Dei stirrer og stirrer utan å kome med ein lyd, medan du snakkar. Eller du kan sjå for deg at du snakkar med nokon som nikkar og seier ja, ja, hm, ja, forstår, ja kontinuerleg medan du snakkar. Kven av desse overdrivingane er nordmann, og kven er japanar?

Dei fleste har vell fått med seg at ein i japan bukker i staden for å seie hei. Men bukking er berre ein liten, men viktig del av kommunikasjonen på japansk.

Når me først er innom bukking tåler du sikkert ein digresjon. Du treng ikkje vere ekspert på japansk kultur for å skjøne kven av desse to som har gjort noko dumt…

 

Tilbake til poenget. Når me snakkar med folk, kommuniserer også den som ikkje snakkar kontinuerleg. Ein kommuniserer at ein fylgjer med, at ein er einig, ueinig, overraska, glad eller trist på den andre personens vegne o.s.b. Dette gjer ein i Noreg like gjerne med nikking og blikk som med munnen. Dette er heldigvis til ein stor grad umedvite. Berre prøv å tenkje over det neste gong du snakkar med nokon. Det er ganske stor sjanse for at det vil vere ganske forstyrrande. (beklager)

Problemet for oss er berre at dette gjerast svært forskjellig på norsk og japansk. Og det er her dei to døma i byrjinga kjem inn. For medan nordmenn i japanarars aug stirrer intenst på den som snakkar, kan nok ein del vestlege i byrjinga oppleve kommunikasjon med japanarar litt intenst. På japansk gjev ein nærast kontinuerlege tilbekemeldingar. Ein nikkar og seier hai, hai (ja, ja) og kjem med andre stilbakemeldingar. Før ferien hadde me om denne formen for kommunikasjon på skulen. Då fortalte ein av lærarane korleis ho opplevde ein del vestlege elevar. «Når eg snakkar sitt dei berre og stirrer og stirrer på meg. Det gjer meg usikker. Følgjer dei med eller ikkje? Forstår dei? Har eg sagt noko feil?»

Poenget er sjølvsagd at det er svært viktig å meistre også denne formen for kommunikasjon. For slik ein japanar kan framstå som overivrig og kanskje litt avbrytande når ein snakkar andre språk kan me lett framstå uinteresserte eller som om me kjeder oss på japansk.

Her har du eit eksempel frå frukost-tv. Ein lang film, men du treng nok ikkje sjå heile for å ta poenget.

 

Dersom du ynskjer meir info kan du lese meir på wikipedia.

Tida går fort når ein har det gøy!

Det har no gått over fem månadar sidan me kom hit til Japan. Svært mange ord kunne gått med til å beskrive korleis det er, nokre av dei kjem til å verte brukt i denne posten, og nokre kjem til å verte spart til sidan. Fem månadar utan blogginnlegg er alt for lenge. Det vert ikkje like lenge til neste gong, lovar!

Hovudsaken er at me har det bra. Svært bra faktisk!

Det er på mange måtar fint å bu i Japan. Til no har det vore lettare å fokusere på dei tinga me kjem til å sakne herfrå når me ei gong om veldig lenge flyttar tilbake til Noreg, enn dei tinga me saknar frå Noreg. Å kunne kjøpe nok sushi til at familien kan ete seg mette på for tilsvarande 50 kr er absolutt ikkje å forakte! At det i tillegg smakar betre enn veldig mykje av det du får i Oslo gjer det ikkje verre. Nokre er kanskje ueinige, men for oss er dette meir verdt enn brunost.
Me trivast også svært godt med språkstudia. Sonja nyttar ord som kjempegøy når ho skildrar studia, sjølv vil eg kanskje vere litt meir forsiktig med adjektiva, men eg trivast!
Me er også nøgde med korleis me bur. Me bur ganske nært sentrum av byen, noko som sjølvsagd er særs praktisk. Det er likevel eit ganske roleg strøk. Med både parkar og fjella i nærleiken.

Me har ikkje eigen hage, men frå urtehagen i fjellet kan me nyte denne gode utsikta mot heimen vår!

Me har ikkje eigen hage, men frå urtehagen i fjellet kan me nyte denne gode utsikta mot heimen vår!

Ein ting me saknar frå Noreg er dei kristne fellesskapa me har gått i. Me ser verkeleg kva me hadde i Sortland og Misjonssalen etter at me kom hit. Ikkje fordi kyrkjelydane her er fæle, men me saknar å forstå kva som vert sagt, sunge og gjort. Det var t.d. greit å kunne stable stolar utan å gjere det feil.
Me kjenner oss likevel heldige som får gå i den kyrkjelyden me går i. Folk er stort sett tolmodige når me gjer noko rart. Og dei smiler og er hyggelege og imøtekommande. Sjølv om det er mykje me ikkje forstår verkar det til å vere eit veldig godt fellesskap. Me gler oss verkeleg til å kunne forstå meir av det som vert sagt og verte betre kjende med folka der.
For ein kjem sjølvsagd inn i ting etter kvart. Eg har lært meg å stable stolar no. Når me mottek nattverd har me lært oss når me skal reise oss og når me skal bukke.

Det å bu i ein framand kultur kjem sjølvsagd ikkje heilt utan å gjere nokre blemmer, sjølv om me trur me har unngått dei verste til no. Berre noko så kvardagsleg som å spørje om noko finnast i ein butikk kan by på problem. Viss du nokon gong skal til Japan kan du vite at:

  • Å spørje direkte om noko er som regel feil. Tilsvarande som «De har vell ikkje….» gjer alt så mykje lettare for den du har å gjere med.
  • Ikkje vent på at butikkpersonalet skal avslutte samtalen viss dei ikkje klarer å hjelpe deg. Dette lille tipset kan gjere at du slepp å sette nokon i ein posisjon der dei føler dei må hjelpe deg sjølv om dei eigentleg ikkje kan det. Servicekulturen i Japan er som de skjønar særs god.  Me har nok gjort det vanskeleg for både ein og to butikkmenn og damer.

Og korleis går det med Mathias? Den guten fortjener eit eige innlegg, men her kjem ein forsmak:

Ein som gjer ALT for å få vere sentrum for merksemda.

Ein som gjer ALT for å få vere sentrum for merksemda.

Morgonstund…

Skal tru om mamma og pappa vil ha litt pakkehjelp?

Skal tru om mamma og pappa vil ha litt pakkehjelp?

Det vert berre ein kort post denne gonga. Eg har stått opp med Mathias. Som eg plar gjere då har eg ordna meg ein kaffekopp. Fyren vaknar ofte i sekstida så det er kanskje ikkje så overraskande at han er meir vaken enn meg når eg er oppe med han. Kaffien var meint å skulle hjelpe litt. Men ein kan vell seie at når Mathias hjalp meg meir for då eg kom inn i stoga frå kjøkkenet rakk eg akkurat å sjå at Mathias reiv ned vannmugga frå stogebordet. Ned som i ned i ein åpen, nesten ferdigpakka pappask som ikkje er like ferdigpakka lenger….

Filming, og eit spanande prosjekt

På onsdag hadde me artig besøk. Misjonærvigsla vår skal vere på UL på Ålgård. Onsdag hadde Ellinor og Hans Kristian som skal lede samlinga den dagen tatt turen nordover for å snakke med oss om kva som skal skje. Spanande greier. Er litt rart å skulle stå på scenen framføre så mange menneske, men viss Gud kan vere med oss til Japan kan han vell vere med oss opp på scenen på UL også. Det positive med det er jo sjølvsagd at me får mange forbederar, i tillegg får me vere med å synleggjere misjonen i Japan. Me gler oss i alle fall.

Dei hadde også med seg ein fotograf som laga ein film med oss tre der me stod ute på brygga i vinden og snakka om Jesus og at me likar å spele brettspel. Veit ikkje om filmen kjem til å gje eit veldig korrekt bilete av tenesta i Sortland, men eksotisk vert det i alle fall!

Denne gjengen kom ikkje berre for å besøke oss. Dei hadde allereie planlgd ein tur til Harstad som ligg rett i nabolaget etter den lokale målestokken. Der skulle dei filme til eit prosjekt der ein gjeng ungdommar skal flytte til byen for å gjere Jesus kjend. Det er så herleg at NLM Ung satsar på Noreg, og at 20-åringar er villige til å flytte på seg for å spre evangeliet. Kjanskje noko å tenkje på for fleire? Viss du vil lese meir har iTro nyleg hatt ein artikkel om prosjektet.

Tid for å pakke litt meir…